Privat arrangement

Fyller du år? Skal du gifte deg? Eller skal du arrangere barnedåp, konfirmasjon eller kanskje barnebursdag? Då har MyFo lokala du er ute etter.

MyFo er eit nytt fleirbrukshus med moderne fasilitetar, fullt utstyrt kjøkken og moderne utstyr for lyd og bilde.

Du kan velge å leige heile huset, eller du kan leige ein av dei to salane, Huldresalen eller Rambjøra. Begge kan leigast med og utan kjøkken.

 

For bedrift

MyFo er eit moderne lokale som er godt tilpassa konferansar, møter og andre samankomstar som bedrifter har behov for. Foajeen har også muligheiter for reklame, programvisning m.m.

Huldresalen

  • Avhengig av bordløysing kan salen rome frå 75 til 100 personar. Eit stort lerret med prosjektor, godt lydsystem og gode tilkoblingsmuligheiter gjev leigetakar gode forhold for ulike arrangement.

Rambjøra

  • Avhengig av bordløysing kan Rambjøra rome frå 20 til 50 personar. Romet er utstyrt med moderne konferanse utstyr og interaktiv skjerm.