Vanlege spørsmål
-
Kva reglar er det for å leige huset?
Klikk på linken og les leigevilkåra:
-
Datoen eg ønsker å leige er opptatt. Kan eg stå på venteliste?
Send ein e-post til booking@myfo.no, så set vi deg på venteliste.
-
Kan vi få tilgang på huset tidlegare enn vi har booka det?
Dersom du vil sikre deg tilgang tidlegare, må du betale for eit døgn ekstra. Dersom leigedatoen nærmar seg og vi ikkje har utleige før eller etter, er vi fleksible på å gi tilgang litt tidlegare eller strekke utleiga til litt seinare. Dette kjem også an på når vi har avtalt reinhald av huset.
-
Korleis fungerer kaffimaskin, oppvaskmaskin, kombiomn og anna utstyr?
Sjå bruksanvisningar i den svarte permen på kjøkkenet.
-
Kor mykje må vi rydde/vaske etter utleige?
Alle private eigendelar må fjernast, borda må vaskast, benkar på kjøkken må vaskast og golvet bør få ei mopperunde for å fjerne flekkar. Søppel må fjernast og leggast i søppeldunkar nede ved vegen.
-
Har de dukar/stoltrekk tilgjengeleg til lån/leige??
Vi tilbyr dessverre ikkje utleige av dukar og stoltrekk så det må eventuelt medbringast av leigetakar.
-
Kor mange gjestar kan vi ha?
- 130 stolar og 24 ordinære bord
- sofagrupper
- konferansebord
- servise til ca. 100 personar.
- 7 barnestolar
-
Kor mange personar rommar dei ulike salane/romma?
Rambjøra er perfekt for møter, barnebursdagar eller små sosiale samlingar. Ein får fint plass til mellom 25-30 personar med borddekking.
Huldresalen er perfekt for større arrangement som konfirmasjon, dåp, bryllaup, jubileum og barnebursdagar der ein vil ha litt ekstra boltreplass. Ein får fint plass til mellom 80-100 personar med borddekking.
Heile huset kan romme maksimum 235 personar ifølgje brannforskrift.
-
Eg skal ha eit arrangement heime. Kan eg leige bord og stolar frå MyFo?
Vi leiger dessverre ikkje ut møblar til arrangement utanfor eige lokale på grunn av slitasje og at eigne leigetakarar skal ha tilgang på alt av utstyr.
-
Eg leiger huset no og treng hjelp til noko. Kven skal eg kontakte?
Ta kontakt med personen som gav deg nøkkelbrikke eller skriv ei melding på messenger til MyFo. Du finn link til Facebook-sida vår øvst til høgre.